Finansiell stabilitet og pengepolitikk – teori og praksis
Abstract
Korleis ein bør vega omsynet til finansiell stabilitet mot omsynet til prisstabilitet i pengepolitiske avgjerder, er ikkje opplagt. Ut frå kommunikasjon og pengepolitiske avgjerder i sentralbankar ser det ut til at finansiell stabilitet er i ferd med å få ei meir tydeleg rolle i pengepolitikken. Dette har samanheng med kunnskapen om at finansiell stabilitet har konsekvensar for den framtidige utviklinga i inflasjon og produksjon. I Noreg vert vurderingar om finansiell stabilitet innarbeidde i rådgjevingsprosessen opp mot pengepolitiske avgjerder.