Vis enkel innførsel

dc.date.accessioned2022-06-03T11:25:11Z
dc.date.available2022-06-03T11:25:11Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.isbn978-82-8379-229-4
dc.identifier.issn1894-0277
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2997507
dc.description.abstractPandemien påverka tala også i 2021, men ikkje i like stor grad som i 2020. Talet på kortbetalingar auka att, både i Noreg og ved fysiske utsalsstader i utlandet. Kvar av oss nytta i gjennomsnitt korta våre 479 gonger i 2021. Dette er høgt i global samanheng. Dei aller fleste kortbetalingane, 78 prosent, vart utførte mot fysiske betalingsterminalar i Noreg eller i utlandet. Meir enn fire av fem av desse betalingane vart gjorde kontaktlaust. Resten av kortbetalingane var i hovudsak knytte til netthandel. Nettbetalingar utgjer ein stadig større del av kortbetalingane. Veksten frå 2020 til 2021 var på 19 prosent. I gjennomsnitt har den årlege veksten dei siste fem åra vore på 25 prosent. Spørjeundersøkingar syner at nær halvparten av netthandelen vert betalt med tradisjonell kortbetaling. Mobilbetalingar veks raskt, og står no for éi av fire betalingar på nett. Dei aller fleste nettbetalingane vert til sist gjorde opp med eit kort, også der den primære betalingsmåten er mobilbetaling, faktura eller andre måtar. Girobetalingar vert mellom anna nytta til å betale rekningar og til å overføre pengar mellom privatpersonar. For hushalda er vanlege betalingar i nettbank den mest nytta girobetalingen. Straksbetalingar har vakse raskt dei seinaste åra, og er den nest mest nytta girobetalingen. Dette er i hovudsak såkalla venebetalingar gjennom mobilbetalingsløysingar. Spørjeundersøkingane våre syner at 4 prosent av dei spurde nytta kontantar ved si siste betaling på fysisk utsalsstad. Tallet har lege stabilt sidan pandemiutbrotet våren 2020. Talet på uttak av kontantar frå minibankar og i butikkar har halde fram med å falle, men noko mindre i 2021 enn i 2020. Verdien av uttaka frå minibankar har òg halde fram med å falle, medan verdien av uttaka i butikkar auka noko.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorges Banken_US
dc.relation.ispartofseriesNorges Bank Memo;2/2022
dc.rightsAttribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by-nc-nd/4.0/deed.no*
dc.titleKunderetta betalingsformidling 2021en_US
dc.typeReporten_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Økonomi: 210::Samfunnsøkonomi: 212en_US
dc.source.pagenumber43en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial-NoDerivatives 4.0 Internasjonal