Norske aktørars risiko og risikohandtering i valutamarknaden
Journal article
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2501969Utgivelsesdato
2011Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Noreg har ein liten og open økonomi, og norske aktørar handlar mykje med valuta. Det er knytt risiko både til oppgjeret av handlane og til eksponeringar mot motparten før handlane vert gjorde opp. Dei siste åra er det teke i bruk ny infrastruktur som reduserer slik risiko. Viktige døme på dette er etableringa av valutaoppgjerssystemet Continuous Linked Settlement (CLS) og auka bruk av margininnbetalingar for å redusere eksponeringar mot motpartar. CLS klarte seg godt under krisa og bidrog til å styrkje tilliten i valutamarknaden. I denne artikkelen gjer me greie for norske aktørars handel med valuta, kva risiko det er knytt til denne handelen, og løysingane som er tekne i bruk for å redusere risikoen. Me gjer også ei vurdering av om sentrale motpartar i større grad bør verte teke i bruk for å redusere risikoen i handelen med valuta ytterlegare.