Svakare vekstpotensial i eurolanda etter krisa
Abstract
Den globale finanskrisa i 2008 og den påfølgjande statsgjeldskrisa i euroområdet har hatt stor negativ innverknad på økonomisk vekst. Dette har verka direkte inn på Noreg gjennom redusert etterspurnad etter norsk eksport. Vi brukar eit vekstrekneskap for å finne kva faktorar som dreiv veksten i euroområdet før og under krisa og til å seie noko om vekstpotensialet i åra framover. Vi finn at vekstpotensialet i perioden 2013–2020 er om lag halvparten av kva det var før krisa.